Ein ny sommar er i emning og bankar på døra

For oss som er med i LEVE er det ei gåve å sjå at ein del sakte finn attende gleda i det å leve vidare PÅ TROSS AV; Livet fyllest opp med ny meining og von i skuggen av livets motsetningsfylte paradoks: den som er borte, er ennå med. Det er dette innsynet som gjer…

Publisert: 29. juni 2018

Flip this over fora special deal!

For oss som er med i LEVE er det ei gåve å sjå at ein del sakte finn attende gleda i det å leve vidare PÅ TROSS AV; Livet fyllest opp med ny meining og von i skuggen av livets motsetningsfylte paradoks: den som er borte, er ennå med. Det er dette innsynet som gjer at vi opplever foreiningsarbeidet meiningsfullt. Minne kan aldri erstatte den som er borte, men dei kan dempe smertene og sakte danne grunnlag for nye gleder.

Gruppa av etterlatne er like forskjellig som alle andre menneske. Vi har det til felles at vi har mist ein nær i sjølvmord, men sjølv om vi har mist nokon i same familie eller ein felles ven, har vi alle mist vår unike person. Ein bror mista kanskje sin besteven, ein far sin treningskamerat, ei mor sin samtalepartner, ei søster sin bauta som ho likte å krangle med. Menn og kvinner, unge og eldre, besteforeldre og foreldre – alle har sin måte å forstå og reagere på.

Reaksjonen, aksepten, kjenslene med meir, vil også vere prega av mange andre tilhøve. I sum er dette viktig å hugse på i våre møte med den einskilde: kvar og ein har si historie som vi må respektere og lytte godt til for fullt ut å forstå. Berre då kan vi vere gode hjelparar og lyttarar.

Felles for alle i LEVE er at vi er der for kvarandre. Vi i styret har ein del samtalar kvart år med ny-etterlatne, men også med andre som ønsker å lufte tankar omkring det som hende for lang tid attende, eller som vil snakke om det sjølvmordsforebyggande arbeidet.
Dere skal vite at vi opplever all kontakt som viktig. Det er ikkje så ofte vi høyrer frå våre medlemer via mail ol. Eg vil sterkt oppmode dykk til å sende inn tankar og ønsker om kva de vil at LEVE skal ha fokus på i sitt arbeid. Til dykk som fortsatt får LEVEnytt på papir, set vi pris på om de kan sende underteikna ei mailadresse vi kan nå dykk på ([email protected]).

Fylkesstyret er opptekne av at sjølvmordstemaet får større plass i den politiske debatten. Desto meir denne samfunnsutfordringa blir sett søkelys på, desto meir forstår befolkninga kva sjølvmord er og ikkje er. Dette er også viktig for etterlatne, slik at naboar og vener ikkje trur på dei mytane som ennå verserer i einskilde miljø. God og relevant informasjon og ein målretta, nasjonal innsats må til for å for å forebygge sjølvmord og for å lette byrda til alle dei som opplever ikkje berre sorg, men også skuld. Sjølvmordsproblemet er ei samfunnsutfordring som er for tung å bere for den einskilde familien. Sjølvmord skjer på tvers av religionar, sosiale klassar og andre bakgrunnsfaktorar. Sjølvmord kan berre møtast og forebyggast om alle forstår at dette gjeld oss alle!

1. Landsmøtet på Hamar

Første helga i juni blei Landsmøtet til LEVE gjennomført på Hamar. Det var eit godt landsmøte med mange viktige diskusjonar. Det blei også vald ny styreleiar – Johanna Lundereng . Ho er dagleg leiar ved Metodistkyrkja sitt hovedkontor i Oslo. Johanna har lang erfaring med støttearbeid og frivillighet, og ho kjenner godt til LEVE sitt arbeid. Ho har mellom anna vore leiar i LEVE Oslo samt vore gruppeleiar for samtalar på Unge LEVE samlingar.

Vi vil legge ut referatet frå landsmøtet når dette er klart. LEVE- landsmøtet vedtok at organisasjonen skal jobbe opp mot lokale og sentrale myndigheter for ein politisk O – visjon for sjølvmord i Norge. I dette ligg det ei forventning av at Stortinget, Regjering, dei sentrale fagmiljøa, hjelpeinstansane, brukarorganisasjonane osv, må jobbe endå meir målretta og systematisk (med nok ressursar) for å forebygge sjølvmord der det er mulig. 0-visjonen må bygge på ein aksept for og erkjennelse av at livet tidvis kan opplevast så vanskeleg, så smertefullt, så håplaust og så meiningslaust at det kjennest tungt å bere, men og ein forpliktelse fra samfunnet om at vi skal gjere det vi kan for at Livet skal framstå som det alternativet som vinn fram – på tross av smertene. Kom gjerne med innspel om de har synspunkt på 0-visjonen.

2. Informasjonomsamlinga på Gloppen Hotell 27.–28. oktober 2018

I høve verdsdagen den 10. september, har LEVE både nasjonalt og lokalt årleg gjennomført mange arrangement for å auke merksemda mot sjølvmordsproblemet i samfunnet. Her i fylket vil vi også i år møtest på Gloppen Hotell siste helga i oktober for samtalar og aktivitet. Både nye og gamle medlemmer er hjarteleg velkomne. Spesielt ønsker vi dei unge velkomne. Om det melder seg på fleire unge, vil vi lage eit særskilt tilbod til denne gruppa. De kan melde dykk på til underteikna. Meir informasjon vil kome etter kvart.

3. Dikt & tankar

For mange av oss gjer det godt å lese dikt eller lytte til musikk når vi skal stokke og samle tankane når desse spinn rundt i hovudet. I dette LEVEnytt avsluttar vi med to fine dikt.

Det fyrste diktet ”Du tok med deg sola”, er skrive av Frode Larsen som miste ein god ven i sjølvmord. På førespurnad om han kunne skrive nokre tankar rundt diktet, sende Frode følgjande ord til ettertanke: Så var det slutt. Ein du kjente valgte å avslutta livet. Endelig og brutalt. Attende står dei rundt og lurer på kva dei kunne ha gjort annleis.

Ein kjenner på forvirring og sorg, sinne og fortvilelse. Smerte er kjærleiken sin vonde tvilling. Utan døden har me ikkje livet, og omvendt. Ofte høyrer me at den som gjekk bort er den mest omsorgsfulle, smilande og lettliva personen ein veit om. Korleis kunne dette då skje? Andre gonger veit ein at det ligg ein lang kamp bak. Ein kamp om lyset. Kanskje var det betring å spora før jerndøra lukka seg.

Smilet kan vera eit vern, ein eigenoppmuntring, ei utstrakt hand.
Smilet tilbake er aldri fånyttes uansett. Ofte er den som strevar i mørkret som ein hjelpelaus båt, utan feste eller framdrift.
Men det gjeld vel kanskje oss alle. Alle er me på sett og vis på same kanten av stupet. Nokre av oss fell tidleg, snublar, eller let seg falla. Dette diktet manglar det me alle treng klamra oss til, det som hjelper oss til å halda augo opplatne, nemleg håp. Men håpet ligg i at me er alle i same båt og me kan halda liv i kvarandre sine glør. Kanskje er det eit håp i at me eigentleg sit på same tofta og ror den same båten.

Takk for at akkurat du ser meg. Om du treng det: ikkje vent med å finna nokon som kan ta nokre åretak saman med deg. Då spring til slutt kanskje håpet fram i aust.

Du tok med deg sola

Så vart det for stritt
og du takka for deg.
Meinte løpet var ditt,
at det var dine steg.

Du hadde eit val
og no er det gjort.
Ein alder eit tal,
eit liv som går fort.

Var alle si trøyst
og hjalp då dei låg.
Frå det er du løyst
og takk for du såg.

Me skulle ha sett
bak døra av jern,
me skulle ha sett
bak smilet som vern.

Eg har inga kvile,
ikkje ro eller rast.
Eg er som ein seilbåt
utan anker og mast.

No er det forbi
og din song er min skatt.
Den syng meg i søvn når
det stundar mot natt.

Men den gjev ingen svar som
gjer sorga mi linn.
Du tok med deg sola
då du gjekk inn.

Det andre diktet er skrive av Jorunn Støve frå Stryn. Ho har verkeleg fått kjenne at livet ikkje alltid fyl ein fastlagt «lykkemal», men blant anna humoren, kunsten og diktinga har gjeve henne styrke til å møte kvardagen med optimisme og pågangsmot. Ho har også mala bildet under diktet.

Eg og Job

Eg og Job
Aldri meir kan eg bli glad.
Eg har mist eit barn
Men Job miste ti
Alle døde ved ulukker
Og for kven var det verst? For meg
eller Job?
Eg vart heilt utslegen måtte gje meg over
vart lamma
No har eg fått att livet
Eg er stålsett og herda
men ikkje sorglaus

Diktet er henta frå diktsamlinga «Dikthefte 1» og kan bestillast ved å henvende seg til [email protected]

Med desse to sterke dikta ønsker vi i LEVE Sogn og Fjordane dykk alt det beste.

Innlegg, kommentarar, erfaringar, dikt, litteraturtips eller andre innspel. Send e-post til [email protected] 

SAMTALEGRUPPE

Er du/de interessert i å delta i ei samtalegruppe? Ved behov kan LEVE tilby samtalegruppe med oppstart i september. Gruppa blir leia av erfarne leiarar.

Ved interesse/ønske om informasjon: Send melding til [email protected] snarast.