Tid: 11:00
Sted: Haukelifjell+ Se kart
Me inviterer deg som er MANN, og har mista nokon i sjølvmord (ektefelle, sambuar, bror, syster, kamerat, kollega) til vandring langs den gamle pilegrimsvegen mellom Haukeli og Røldal.
Innhaldet i samlinga vil vere ei vandring langs den gamle pilegrimsvegen over Haukelifjell til Røldal stavkyrkje. Gjennom mange hundreår vandra folk pilegrim til Røldal. Målet var krusifikset i den gamle kyrkje.
Ei grunnleggande pilegrimsrøynsle er nettopp at ein møtest som den ein er. Med si historie, sine tankar om tvil og tru. Vi ynskjer at denne vandringa skal vere eit tilbod til menneske med ulik tru og bakgrunn. Det at me er ulike gjer vandringa rikare.
Mange etterlatne opplever hjelp ved å møte andre i same situasjon. Fellesskapet gjev rom for aksept og forståing.
I programmet er det satt av tid til samtale og deling av erfaringar på kveldstid, men hovudsaka er sjølve vandringa.
Denne samlinga har vore som ei bru for sorga mi. (Sagt av ein deltakar på ei tidlegare vandring)
Vandringa er også ei markering av Verdsdagen for sjølvmordsførebygging (10 september).
Vil ein høyre meir om vandringa og møte to av dei som vert med, kan ein laste ned denne podkasten: https://anchor.fm/diakonalgang/episodes/vandre-sorga-mindre-etftn8
Program:
Laurdag 4. september: Frammøte ved Haukeliseter kl. 11. Vandring langs Ulevåvatn over Dyrskar til Svandalsflona. Overnatting i telt/lavo. Ein kan gjerne ta med eige telt som eit godt koronatiltak.
Kvar og ein tek med seg den maten dei treng, tørrmat og gjerne noko ein kan koke ein middag på. På sundagen et me felles middag på Haukeliseter. Elles er vandringa gratis.
Sundag 5. september. Vandring ned Austemannali til Røldal kyrkje (ca. 13 kilometer) Framme i Røldal mellom kl. 14-15.
Ansvarlege for turen: Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest –Telemark, Ole Hafell frå LEVE – Vestfold og Øyvind Dåsvatn frå RVTS- Sør.
Arrangørar: Prostidiakonen i Vest Telemark , Agder og Telemark bispedøme og RVTS Sør, og LEVE I Vestfold og Telemark
Påmelding og info hjå Prostidiakon Eilev Erikstein 91 11 35 80 eller [email protected]