Fagkonferanse om sjøvmord i Stryn
TEMA: «I møte med andre si livskrise – kven er vi og kva gjer vi?»
Hovedmålgruppe: legar, psykologar, alle tilsette i kommune- og spesialisthelsetenesta, alle andre faggrupper som møter sjølvmordsrelaterte handlingar (tilsette i oppvekstsektoren, blålys-tilsette, kriseteam, begravelsesbyrå med fleire).
Konferansen har samla svært dyktige foredragshaldarar innan sine område for å gje eit innsyn i sjølvmordsutfordringa frå ulike perspektiv. Du får kunnskap om kva som kjenneteiknar det gode møte mellom fagperson og pasient (medmenneske), korleis møte sjølvmordsåtferd frå andre kulturar, eit gripande innsyn i tida før og etter sjølvmordsforsøket samt korleis det er å leve vidare utan ein av sine kjæraste. Alle foredraga har høg kvalitet som vil gje deg ei utvida forståing av sjølvmordsutfordringa.