Unge LEVE samling i Stryn

Unge LEVE-samling laurdag 13.september.

Hovedmålgruppe: Etterlatne, berørte og engasjerte under 35 år (om ønskeleg, kan eldre ungdom heller delta på dagskonferansen).

Samlinga for den unge som har mist eit familiemedlem, ein ven eller andre som var viktige i livet. Gjennom denne samlinga vil ein få utvida føresetnad for å forstå og plassere tankar og følelsar ein kjenner på etter tapet. To dyktige leiarar som har lang erfaring frå samlingar i Unge LEVE-regi, vil bidra til refleksjon og utvikling gjennom innlegg og samtale. Samlinga passar for alle, og ingen vil måtte dele eller delta meir enn ein sjølv kjenner seg klar for. Det viktigaste er at du kjem!

GRATIS DELTAKING! Ved overnatting er det eigne prisar. Veit du om ein etterlatt/berørt som kan ha nytte av å delta? Program, informasjon om foredragshaldarane og påmelding finn du i den eksterne lenka.

Detaljer for aktiviteten

Dato og tid

13. September 2025 | 09:00

Hotel Alexandra

Hotel Alexandra, Lodalsvegen, Loen, Norge