Septemberkonferansen 2026 -traumer og digitale krenkingar

Når krenkingar blir digitale, blir dei òg grenselause – ofte skjult og anonymt. Klikk på ekstern lenke for detaljer og påmelding.

Vald, overgrep, mobbing, utnytting, utestenging, trakassering og uthenging. Krenkingar skjer ikkje lenger berre i direkte kontakt mellom menneske, men òg på digitale flater og ved bruk av ny teknologi. Når krenkingar blir digitale, blir dei òg grenselause – ofte skjult og anonymt.

Kva skjer når krenkingane blir flytta til digitale plattformer, sosiale medium og teknologiske system vi alle brukar kvar dag?

Septemberkonferansen 2026 set søkjelys på digitale krenkingar som eit eige fagleg og samfunnsmessig fenomen.

Vi har invitert internasjonale og norske forskarar, praktikarar og aktørar for å belyse korleis digitale krenkingar rammar barn, unge, vaksne – fagpersonar og enkeltmenneske i offentlegheita – og korleis vi kan førebygge, forstå og handle i ei digital verkelegheit som utviklar seg raskare enn oss.

 

Om Septemberkonferansen

Septemberkonferansen er RVTS Vest sin årlege konferanse retta mot fagpersonar som arbeider innanfor våre temaområde.

Konferansen favnar breitt i forhold til tema og målgrupper, og rettar seg mot alle som gjennom sitt arbeid kjem i kontakt med barn eller vaksne som har traumeerfaringar.

Septemberkonferansen blei første gong arrangert i 2007, og har sidan då vore ein fast årleg aktivitet for RVTS Vest.

Detaljer for aktiviteten

Dato og tid

10. September 2026 | 08:30

Radisson Blu Royal Hotel, Bergen

Radisson Blu Royal Hotel, Dreggsallmenningen 1, 5003 Bergen, Norge