Julenummer fra LEVE Sogn og Fjordane

Gode medlemer i LEVE Sogn og Fjordane Vi i LEVE er etterlatne, berørte eller på anna vis engasjerte i arbeidet for å bidra i det sjølvmordsførebyggande arbeidet. Periodevis treng vi sjølv støtte, andre periodar er vi til støtte for andre. Det er dette som er LEVE si sjel. Vi pendlar mellom ulike behov alt etter…

Publisert: 20. januar 2025

LEVE landsforeningen for etterlatte ved selvmord

Gode medlemer i LEVE Sogn og Fjordane

Vi i LEVE er etterlatne, berørte eller på anna vis engasjerte i arbeidet for å bidra i det sjølvmordsførebyggande arbeidet. Periodevis treng vi sjølv støtte, andre periodar er vi til støtte for andre. Det er dette som er LEVE si sjel. Vi pendlar mellom ulike behov alt etter krefter og ståstad i landskapet mellom sorg, sakn, meining og glede. Nokre av oss har funne ei god lei i livet til tross for det vi har vore gjennom, andre står midt i det vanskelegaste og treng støtte, kart og kompass for å finne ei rås gjennom det opplevde mørkret.

 

Uansett situasjon er vi i LEVE der for kvarandre. Å møte andre som verkeleg forstår, gjer godt. Å spegle seg i andre – å sjå og forstå at vi er ein vanleg familie til tross for det vi er eller har vore gjennom, opplever mange godt. Vi er som alle andre, på godt og vondt. Men vi må ta med oss – til liks med altfor mange andre i Norge kvart år, ei bør vi så gjerne skulle vore forutan.

 

Vi i fylkeslaget prøver å vere synlege gjennom ulike arrangement, men vi set stor pris på å kome i direkte kontakt med deg om du ønsker det. Dette kan vere for å drøfte tiltak, arrangement eller andre tilhøve du ønsker å ta opp.

 

Vi i styret ønsker at du skal oppleve at medlemskapet gjev deg det du håpa på då du melde deg inn. Nokre synes det er fint «berre» å støtte dette viktige temaet og etterspør såleis ikkje noko særskilt. Andre vil gjerne delta på samlingar, kafèar eller markeringar. Vi har likepersonar og andre som gjennom året snakker med ein del av dykk – nokre i den umiddelbare krisa, andre etter ei tid der det er godt å tenkje høgt rundt ulike spørsmål.

 

De skal uansett vite at vi er takksame for kvar og ein av dykk som er medlem. Vi som arbeider med dette gjennom heile året, får motivasjon av å stå i det når vi kjenner på støtta vi får frå dykk.

 

Så tusen takk for det!

Nils-Petter Hauge,
styreleder LEVE Sogn og Fjordane fylkeslag

Last ned og les vårt julenummer for julen 2024 ved å klikke på knappen under.