Laster Arrangementer

Sogn og Fjordane | LEVE, Unge LEVE

Medlemssamling på Sandane, Gloppen Hotell.

31. oktober – 1.november 2026
ChatGPT Image 26. mai 2026, 13_28_30

LEVE inviterer med dette til den årlege samlinga for etterlatne og berørte ved sjølvmord i Sogn og Fjordane.
Samlinga går over to dagar – sjå program under.
Dersom tre eller fleire unge etterlatne/berørte melder seg på, vil det bli gjennomført eige opplegg for denne aldersgruppa med god instruktør. LEVE oppmodar vaksne om å samtale med dei unge om deltaking. Om ein er usikre, må de gjerne kontakte LEVE v/ styreleiar Nils-Petter Hauge (9909 8112).

Tid: Oppstart laurdag 31. oktober kl 10:30. Avslutning: søndag 1.november kl 12:30.
Pris: Enkeltrom kr 500,-. Dubbeltrom kr 1000,- for begge. Ungdom: 250,-
Prisen inkluderer middag laurdag kveld.
PS: kostnad skal ikkje hindre nokon i å delta på samlinga. Kontakt styreleiar ved spørsmål om eventuell dekking av kostnad.

Påmeldingsfrist: måndag 12. oktober.
Send mail til hauge@humanorg.no og meld deg på der.
Du vil få ei stadfesting på at påmeldinga er registrert.

Detaljer for aktiviteten

Dato og tid

31. oktober - 1. november

Gloppen Hotell

Sørstrandsvegen 16,
6823 Sandane,