Eg veit ikkje kor mange gonger eg har tenkt «Kom tilbake no, Ola.»
Skrevet av: Anita Alvsåker
Publisert: 03. desember 2024
Me skal gå videre, Ola. Uten deg.
Du er ute.
Vekke.
Eit minne.
Kjem aldri att.
Korleis kjem ein seg videre når stien har rast ut?
Boltene er knekka, festene vridd og dekket mangler over alt.
Eg balanserer.
Trør mellom groper.
Det djupe juvet der brua rivna.
Korleis skal eg komme over det?
Dei andre har gått ifrå meg no, Ola.
Dei har sett nok av juvet.
Var enig om at det var så altfor djupt, mørkt og skremmande.
Best å gå videre på dei bedre stiene.
Dei er tross alt kupert dei stiene òg. Har groper, humper og krappe sviger som krev oppmerksomhet.
Det nytter ikkje å stå igjen ved juvet.
Eg høyrer at dei roper på meg.
At eg må gå rundt.
Komme meg vekk.
Videre.
Dei såg mørket og kjente det kalde draget, men ingen såg ned.
Heilt ned i botnen.
Dei såg ikkje at du var der, Ola.
At i det øyeblikket eg trør videre på stien må eg gi enno litt meir slipp.
Eg veit at eg må videre.
Har prøvd nokre skritt.
Det gjer så ubeskrivelig vondt.
Beina vil ikkje bære meg.
Pusten forsvinner.
Så eg kjem tilbake på kanten, Ola.
Gong etter gong.
Og hjerta fortsetter å slå. Pusten kjem sakte igjen.
Eg trenger å puste litt til, Ola.
Mammo❤️
Ola
19.01.2004❤️ – 14.07.2024💔