På veg mot høgtid

Når mørkret kjem, vil eg inn i lyset. 
 Når kulden kjem, vil eg inn i varmen.
 Pusse støv av gamle bilete. Og blankpusse gode minne. Når einsemda kjem, vil eg søke gode samver
med menneske som bryr seg. 
 Vente på vakre tonar.
 Og strekkje meg etter det som ligg framom. Det er seint, men…

Publisert: 18. desember 2018

Når mørkret kjem, vil eg inn i lyset. 

Når kulden kjem, vil eg inn i varmen.

Pusse støv av gamle bilete.
Og blankpusse gode minne.
Når einsemda kjem,
vil eg søke gode samver
med menneske som bryr seg. 

Vente på vakre tonar.

Og strekkje meg etter det som ligg framom.
Det er seint, men ikkje for seint å drøyme og lengte.  

Det er på høg til å halde forventninga levande og varm.

Det er på høg tid å bu seg på høgtid.
Sigurd Sande

 

Foto: Monica Røed Frøyset

 

Kjære medlemmer i LEVE

1. Helsing frå styreleiar

Det er advent. Snart jul. Ventetid. Høgtid. Kanskje den mest stemningsfulle høgtida av alle. Ho representerer glede og omsorg, tru og kjærleik. Og kanskje viktigast av alt: von. Tru, von og kjærleik. Milepælane i året tvinger fram sterke kjensler hos mange. Vi er takknemlege for det vi har, men saknar nokon. Nokon som ikkje såg vona der og då.
Ein etterlatt sa nyleg til meg: – åh, kunne eg berre gå i hi til jula var over!!! Kva skulle eg svare? At du må sjå alt det gode du har? At du må tenkje positivt? At du må ha fokus på minna og sjå framover? Kva rett har eg til å sette ord på eller overprøve  hans oppleving? Alle opplever tap på sin måte. Eg kan lytte og søke å forstå og i lys av det prøve å dele nokre tankar med mål å gjere kvardagen litt betre. Men fyrst og fremst seier eg at vi i LEVE er der – no og i framtida. Vi er der for å lytte. Vi er der for å søke å forstå ein flik av det uforståelege saman med deg. Vi er der for å hjelpe deg som treng det ei støtte til å gå vidare med von om at livet skal bli bra på tross av det du har opplevd. Fordi du er så viktig – DU er i livet akkurat no. Vi er der for å gjere deg trygg på at livet fortsatt har ein verdi.
Du er etterlatt, men du er så mykje meir også. Vi er heile menneske med ressursar som ikkje må  leggast bort sjølv om vi er etterlatne. Tap har det ibuande kjenneteiknet at det riv bort kreftene vi treng for å nytte desse ressursane. Derfor ønsker vi å følgje deg opp over fjellsidene, over tåka, før vi til slutt nyt synet av den solfylte fjellheimen. Lyset gjer ikkje at ein gløymer. Men den gjev oss augneblink av lukke og von. Etter kvart går du desse turane åleine…Eg vonar de alle finn stunder fylte av glede og von i jula. I dette stemningsfulle diktet av Sigurd Sande finn ein nettopp spora av det jula handlar om: tru, von og kjærleik.

 

2. Bokomtale:

Når barnet ditt ikkje vil leve lenger av Knut Røneid. For mange etterlatne betyr litteratur mykje i etterkant av tapet. Av erfaring veit vi at bøker skrivne av etterlatne sjølve, kan bety ekstra mykje. Dette fordi forfattaren nyttar ord som treff hjartet – ord som avspeglar akkurat våre kjensler.
Knut Røneid, styremedlem i LEVE, Sogn og Fjordane fylkeslag, har nyleg sett punktum i ei ærleg bok om tida etter at sonen deira, Kristoffer, enda livet sitt. Ta kontakt med underteikna på [email protected], så skal LEVE formidla kontakt om de ønsker å kjøpe boka.
Bokomtale (uttdrag):

Dette er utan tvil den boka som har gjort sterkast inntrykk på meg – nokon gong. Grunnen er personleg: Forfattaren er min eigen bror. Det handlar om sonen hans Kristoffer som tok sitt eige liv i 2015, 18 år gammal. Knut har i denne boka fortalt historia om korleis han som far har opplevd tida før og etter.
Det er utfordrande å skriva om boka sidan saka er så trist og når ein står forfattaren så nær, men eg har lova bror min å skriva ein ærleg omtale – og det skal han få. Eg gir ikkje terningkast. I dette tilfellet er det meiningslaust. Eg er på ingen måte nokon “nøytral” lesar.
Å mista eit barn er det verste ein forelder kan oppleva, det er det ingen tvil om. Å finna sin eigen son død må vera ei sjokkerande oppleving som ein aldri kjem over. Å få vita at guten tok livet av seg sjølv er hjerteskjerande.

Når barnet ditt ikkje vil leve lenger er ein svært personleg dokumentar. Det handlar likevel lite om private forhold: Dei einaste som vert namngitt er ektefellen Reidun og Kristoffer sjølv. Me som kjenner familien veit godt kva og kven det handlar om. Andre – som ikkje kjenner dei involverte – kan likevel ha stor nytte av boka. 
Sjølv om eg var førebudd på mesteparten av innhaldet vart det utruleg sterk lesing; eg brukte lang tid på dei 176 sidene. Ikkje fordi boka er tung og vanskeleg, men fordi det vart så intenst og nært – og eg følte difor behov for pausar. Knut legg ikkje skjul på noko og fortel ope og ærleg om sine eigne kjensler, om familien si enorme sorg og om kor vanskeleg tida etterpå har vore – spesielt høgtider og merkedagar – men også kvardagar. Om tunge tankar og om meiningslause byråkratiske problem. Om kor lite som skal til før sorga set ein ut av spel. Om alle spørsmåla som melde seg i ettertid: Burde me ha skjønt? Burde me ha sett? 
Og dernest; kvifor? Kva var årsaka til at ein velfungerande og omtenksam ungdom kunne gjera noko slikt mot dei han var glad i? 
Boka gir svar på kvifor Kristoffer ikkje orka å leva lenger. Det heile er djupt, djupt tragisk. 
Knut gjer greie for detaljane i saka – og rettar skarp kritikk mot dei som etter hans meining fortener det.
 Mykje av innhaldet er vondt og vanskeleg å lesa om, men boka gir framfor alt eit rørande bilete på sorg og foreldrekjærleik. Knut gir uttrykk for stor takksemd for støtta han og familien har fått frå mange hald; frå bygdefolk og nærmiljø, frå kollegaer og arbeidsgjevar – og trekker spesielt fram organisasjonen LEVE.

 LEVE driv informasjonverksemd og arbeider for openheit omkring sjølvmord. Kvart år er det omlag 600 menneske som tek sitt eige liv her i landet, så det er i høgste grad eit samfunnsproblem det er snakk om her. Knut og Reidun valde óg å vera opne om kva som hadde hendt med Kristoffer – fyrst og fremst for at andre skal unngå å oppleva det same som dei. Auka kunnskap og større openheit rundt sjølvmord er eksempel på sjølvmordsførebyggande tiltak. 
Det finst elles ingen “rett” måte å sørga på. Eg vil tru at det er like mange måtar å sørga på som det finst sørgande. Sorgarbeid tek i alle fall TID og det går gjerne i bølger. Nokre ser ut til å takla det “fint”, det vil altså sei at dei ber sorga inni seg. For Knut har skrivinga av dette bokmanuset og å slita seg ut på sykkel vore rett “medisin”.  Livet må gå vidare, som det heiter. Sjølv når alt ser som mørkast ut, finst det lyspunkt.
Ein føler seg gjerne usikker og hjelpelaus i møte med etterlatte etter sjølvmord. Kva kan ein sei liksom? 
Vel – ein treng ikkje sei så mykje. Eit handtrykk eller ein klem er nok. Knut har skrive ei leseverdig bok til ettertanke for nokon kvar. Temaet er viktig og dessverre: stadig like aktuelt.
Knut Røneid foto: Sogn Avis

 

 

3. Fylkeslagssamlinga i Oslo

Den årlege fylkeslagssamlinga i Leve vart også denne gangen avvikla på konferansehotellet Soria Moria langt oppe i Holmenkollåsen ei helg i oktober. Her møtte 55 engasjerte deltakarar frå heile landet; 2-3 som var utsendingar frå kvart fylke (men berre underteikna frå Sogn og Fjordane) pluss dei fleste frå sentralstyret og administrasjonen. God stemning frå første stund. Mange gledelege gjensyn for mange av oss som har vore med ein del år. Og nye, trivelege menneske å bli kjende med. Eit stort fleirtal av deltakarane var naturleg nok etterlatne etter sjølvmord.
Hovudtemaet laurdag var «Frivillig arbeid i Leve». Foredragshaldaren, Gry Bruland Vråle, hevda at for å forstå andre etterlatte, må du først forstå deg sjølv. Ho framheva betydninga av anerkjenning og fellesskapsbygging. Anerkjenning inneber m.a. verdsetting og empatisk veremåte. Ja, anerkjenning er ein føresetnad for fellesskapskjensle. Å anerkjenne betyr i praksis evne til å lytte, akseptere, tolerere og bekrefte. NB: «Ingen følelser er feil». Opplevinga av fellesskap er i seg sjølv lindrande og førebyggande. Men det er noko som heiter sjølv-avgrensing: Du må ikkje  forveksle den andre med deg sjølv, når du ønskjer å støtte eller hjelpe ein som sørger.
Seinare fekk vi ein oppmuntrande rapport om Unge Leve sitt arbeid.
To tilbakemeldingar der i frå:  «Unge Leve har gjort det lettare å snakke om det som har skjedd». Og: «Unge Leve har hjelpt meg til å bearbeide sorga og vist meg at det faktisk går an å leve vidare.»
Ny handlingsplan for Leve er under utarbeiding. Sentralstyret ber om innspel  frå  fylkeslaga. Men dei to hovudoppgåvene til organisasjonen vår står fast: Sjølvmordsførebygging (mellom anna gjennom undervisning, politisk arbeid og informasjon om sjølvmord som eit omfattande samfunnsproblem.) Og: Sorgstøtte-arbeid, m.a. gjennom samtalegrupper, kafe Leve, individual-samtaler med likemenn eller andre og diverse tiltak som skaper møteplassar for etterlatte. Vidare utbygging av likemannsordninga og av Unge Leve sitt arbeid vart også vektlagt. Like eins behovet for eit stabilt sekretariat.
Mot slutten av samlinga var det avskjed med Oddrun Bøhlerengen som no går av som generalsekretær. Og takkens ord, spesielt for hennar innsats mht innføring av likemanns-ordninga. Og så vart Terese Grøm presentert som vår nye «midlertidige»  leiar; velkjent som ein dyktig medarbeidar gjennom mange år. Vi håper ho blir vår faste leiar på lang sikt!

 

Eg står ved di grav og tenkjer,

Eg tenkjer på tida som var.
På himmelen står det å blenkjer

Ei stjerne så lys og så klar
Tankane er så mange,

Tankar om liv og om død.

Timane kjennes så lange…
Brått er liv blitt til død.
Mine tårer dryp stillt ned på grava.

Er det tårer for meg eller deg?

Eg trur dei er for oss begge,

Det er tårer for livets veg.
For livet vil gje oss glede

Og livet vil gje oss sorg.

Vi må lære oss å nyte gleda.

Vi må lære oss å sørge vår sorg.
Hildegunn Støve

 

Foto: Monica Røed Frøyset

 

Trenger du nokon å snakke med?
Åpenheit om sjølvmord kan smerte. Det kan likevel vere ei stor lette å snakke om det.
Vi veit det! Om du ønskjer det, tek vi kontakt. Du vel sjølv om du vil prate eller maile. Ved å nytte adressa [email protected], vil du bli kontakta av ein frå styret snarast råd/etter avtale. Vi er på Facebook: Leve Sogn og fjordane