JuleNytt fra Sogn og Fjordane

Leve-Jul-2022   Når ein stol står tom Vinteren er komen og vi nærmar oss sakte men sikkert julehøgtida. Gradestokken har krope godt under null og fleire stadar har vi fått eit fint kvitt lag med snø. ALLE gledar seg til jul. Butikkane har tydelegvis gleda seg sidan tidleg i oktober. Endeleg er vi her. Det…

Publisert: 23. desember 2022

Lyset du treng finst...-2-kopi 2
Leve-Jul-2022

 

Når ein stol står tom

Vinteren er komen og vi nærmar oss sakte men sikkert julehøgtida. Gradestokken har krope godt under null og fleire stadar har vi fått eit fint kvitt lag med snø. ALLE gledar seg til jul. Butikkane har tydelegvis gleda seg sidan tidleg i oktober. Endeleg er vi her. Det er tida for å kose seg med sine nære og kjære, ete god mat og berre nyte etterlengta fridagar. Desember er månaden vi ikkje har lov å telle kaloriar, det er utsett til januar. Ungdomen kjem heim og alle skal kose seg og ha kvalitetstid.

For alle oss som har ein tom stol ved bordet er det ikkje akkurat slik. No merkar ein ekstra god at det manglar nokon. Jula kan for mange vere ei av dei tyngste høgtidene å kome seg igjennom, nettopp fordi «alle» har ei høg forventning om at no er det berre kos og hygge. Vi er mange som har lagt bak oss fleire juler med ein tom stol , for andre er dette den første jula som blir heilt annaleis.  Alt blir forsterka i jula. Vi blir ekstra snille med kvarandre, klemmane sit lausare og vi blir på ein måte rausare. Slik er det og med sorga og saknet , det blir forsterka og ekstra tungt.

Det er no 18 år sidan eg misste son min og enno kjenner eg på at jula kan vere tung og krevjande . Kvar julafta er vi på grava og tenner lys og har med krans. Det varmar mitt mammahjerte at kvar jul er og vennane der med lys og blomster, dei har og si sorg og sakn sjølv etter så mange år.  Det gjer noko med ein at han blir hugsa på, eg kjenner på både takksemd og faktisk ei glede over at han ikkje er gløymd.

Like sikkert som etter vinter kjem det vår, så kjem jula kvart år.  For min eigen del var det godt å halde fast på nokre tradisjonar, nokre måtte vi skrote, samtidig som vi lagde oss nokre nye. Den tome stolen vil alltid vere der, men det vart viktig for meg å kunne ta tilbake jula og ikkje la sorg og sakn øydelegge den. Det var og veldig viktig for meg at eg ikkje øydela jula for mine to andre barn som då var tre og åtte år gamle. Eg hadde eit stort ønske om at dei   skulle få bygge seg gode barndomsminne, få hugse jula med varme og glede. Her fekk vi gode råd frå presten, råd som eg har gitt vidare til mange andre etterlatte. Den første jula utan min son framstod som umuleg å kunne forholde seg til. Vi hadde nettopp hatt gravferd og vi var enno i sjokk og fortvilelse. Den djupe sorga var starta å gå inn i oss. Etter ei samtale med presten om korleis vi i allverda skulle orke å feire jul fekk eg dette rådet: Ikkje sjå på heile jula under eitt for då kan den verke uendeleg lang. Legg ein liten plan for kvar dag i jula, skriv den ned. Sett opp eit mål for kvar juledag. Dette kan vere td noko så enkelt som å gå seg ein liten tur, ta med ungane på akebrett, besøke nokon etc. Ved å forholde seg til denne planen klarte vi å vri fokuset over på noko anna enn sorg og sakn og tankar på alt som mangla denne jula. Vårt fokus vart meir retta mot kva vi skulle gjennomføre den enkelte dag, finne krefter til å gjennomføre det. Å sjå gleda i augene til barna at vi foreldre deltok aktivt ilag med dei gav oss styrke. Barn har den gode evna til å hoppe inn og ut av sorga, dei får seg friminutt, får puste, leike og finne glede i ting. Vi vaksne er i ei meir konstant sorg. Jula 2004 kom, vi tok ein dag om gangen og plutseleg var jula over for denne gong.  Vi klarte det!

Etter som åra har gått har eg lært meg å leve med sorga , takle dagane og kvar einaste jul . Eg har klart å finne glede i dei små ting og verdset livet som det er blitt. Eg har lært meg at det er lov å nyte god mat og kose seg, sjølv om det er ein tom stol ved bordet. Det er lov å finne ro og glede ved å gå på  ein julekonsert .Det er lov å glede seg over ting sjølv om ein ber på ei tung sorg. Mitt  mammahjerte er fyllt med mange gode minner frå livet til min son. Det er ikkje minna om den brutale utgangen av hans liv som er dominerande lenger, det er dei gode minna som kjem først no når eg tenkjer på han. Eg har ikkje så mykje fokus på alt det eg ikkje har,  men prøver kvar einaste dag på å vere takknemleg for det eg har.    Det tok tid før eg forstod at livet mitt gjekk vidare og at eg måtte gjere det beste ut av det. Eg har sjølv ansvar for mitt liv og kva eg skal fylle dagane mine med. Fortida kan ikkje endrast. Vi må leve no.

Det er viktig å halde fast ved håpet. Håp om at dagane skal bli betre etter kvart. Håp om å klare å etablere eit nytt og godt liv på trass av det ein har opplevd. Håp om at julefreden kan kome og spreie litt varme og glede i frosne sinn. Sjølv om ein er i sorg har ein lov å nyte det gode, sorg og glede går hand i hand.

Ta vare på kvarandre og prøv å få ei så fredfull og god jul som muleg .

Juleklem frå Hildegunn