Sogn og Fjordane var eitt av dei fyrste fylkeslaga i LEVE

For om lag 25 år sidan møttes ti personer for å konstituere eit landsstyre i den nyoppretta foreininga for LEVE . Kari Dyregrov si forsking dokumenterte eit stort behov for at etterlatte fekk ein eigen organisasjon og arena for å møte kvarandre for trøyst, tryggleik og samtaler med mål å finne meining og plattform for eit vidare liv. Sogn og Fjordane var eitt av dei fyrste fylkeslaga i Norge.

Publisert: 19. februar 2024

Bilde av en gruppe glade mennesker fra årsmøtet til LEVE Sogn og Fjordane.

Sidan denne dagen har 1000-vis av etterlatte vore med på 1000-vis av arrangement og samlingar. Vi i Sogn og Fjordane har bla gjennomført mange fagsamlingar med høgt nasjonalt nivå, familiesamlingar, kafear, mange foredrag på skular, og ikkje minst “altfor mange” møte med etterlatte og/eller menneske som slit med å finne meining i og med livet. Meiningsfylte møte som gjer sterkt inntrykk.

Mange netter har gått med til å tenkje på kva vi kan gjere for å nå inn til dei som har passert den siste døra og gått inn i det eg kaller den “svarte boksen”, den boksen vi sjelden finn igjen etter sjølvmordet. I boksen der svaret på “Kvifor?” ligg…Mange har leita etter den, men…. Når ein fyrst har kome inn i boksen, kan alt skje når som helst. Du kan framstå lykkelig, rasjonell og framtidsretta, men du har avslutta.. eller gitt opp….eller lar skjebnen avgjere…For dine eigne krefter til å påvirke er kanskje borte?

Så spørsmålet og vårt store håp er:

Korleis skal alle vi som er glade i deg, og som du betyr alt for, finne igjen nøkkelen til den svarte boksen og dra deg tilbake til lyset? For der er lys, men i eit lys- og lydtett rom ser du ikkje det. Den svarte boksen er livsfarleg og har ein indre logikk der du er dømt til å tape: alle din val framstår rasjonelle, i ein irrasjonell og mørk kontekst: du er ikkje god nok: check.

Du er lei av deg sjølv og alt (indre) rot: check. Livet vil ikkje bli betre: check. Alle andre synes å leve ok liv utanom meg: check. Eg er tom for krefter og lei av å kjempe mot noko eg aldri vil kome meg ut av: check. Andre kan sågar få det betre utan meg: check.
Den mørke boksen er livsfarleg, og dersom du merker at du er på veg inn der:
Finn den røde stoppknappen og involver familie, vener, fagfolk, nokon du stoler på. Fordi du er det viktigste vi har. Ikkje tru på deg sjølv akkurat denne gongen. Ha trua på deg sjølv, men ikkje tru på deg sjølv.

Støtta viser at laget vårt blir utvida

LEVE har eit godt styre i Sogn og Fjordane. Gå gjerne inn på LEVE si side og sjå resten av styret/få meir info. I mange år arrangerte vi mykje utan særleg økonomisk støtte og merksemd. Dei siste åra er dette i ferd med å snu. Når vi mottek penger og merksemd som no med Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane korforbund den, så er det vanskeleg å uttrykke med ord kva dette betyr.

Vi skal jobbe hardt framover for å hjelpe dei som ønsker hjelp, men ikkje minst bli ei tydeleg stemme i det forebyggande arbeidet. De vil sjå igjen logoen vår framover!! Denne støtta viser at laget vårt blir utvida. Og desto fleire i samfunnet som går manngard, desto større er sjansen for at vi finn nøkkelen til den svarte boksen.

Og der finst mange som bidrar. I går snakka eg lenge med Oddvar Vignes. Det er slike som han som gjev meg håp. Han reiser rundt og deler si historie på ein måte som når inn til alle. Det er slike som han som er blant dei viktigaste sjølvmordsforebyggarane våre. Dei som når inn til dei som treng det. Dei som formidler at der er håp, fordi dei veit!